• År

  • Type
    Reguleringsplan, utvikling av sjønært næringsområde på Stord
  • Status
    Under arbeid
  • Sted
    Stord
  • Byggherre
    Timberbay AS

Detaljregulering Tømmervika næringsområde

Planområdet er lokalisert sør på Stord, omtrent 2 km i luftlinje sør-vest for Heiane, og om lag 1,5 km vest for Skjersholmane ferjekai. Det er eit ønske om å regulere Tømmervik for å legge til rette for hamneområde i sjø og næring på land.

Det er ein stor etterspurnad etter sjønære industriområde på Stord, blant anna til havvindrelatert utbygging. Realisering av planen vil leggje til rette for ei meir effektiv og framtidsretta bruk av området. Som ved eksisterande næringsområde på Eldøyane, legg planforslaget opp til at ein skal kunne drive med skiftarbeid på staden, dette er ei ordning mange næringsverksemder er avhengig av for å få verksemda til å gå rundt. Hovuddelen av planområdet er regulert til industri i gjeldande plan, og skal vidareførast med tilsvarande bruk. Utbetring/oppgradering av kaianlegga og oppdatering av føringane som gjeld for området vil leggje til rette for at ny næringsverksemd kan etablere seg her i framtida.