Stordabu kjempa om verdscup-poeng i Florida

Med ei kortare karriere som rormann i sunnhordlandsbassenget, vart Rolf Gangdal (34) nådelaust kasta ut i verdscupsirkuset.

Av Jarle Kaldråstøyl, Sunnhordland

– Ei fantastisk oppleving, men særleg starten på dette eventyret var beinhard, erkjenner stordabuen.

Medan nordmenn flest såg fram til julefeiring med feit mat og julegodt, måtte Gangdal på slankekur.

gangdal-g6.jpg

Solbriller og solfaktor 50 er tvingande naudsynt når sola steikjer over ope hav utanfor kysten av Florida. Stordabuen Rolf Granli Gangdal var mannskap då verdscupen 2012 opna midt i januar.

– Det vart ei litt trasig jul på den måten. Men me er eit mannskap på fire mann. Til saman måtte me ikkje vega meir enn 360 kg. Eg sleit meg gjennom julehelga og fekk pressa meg ned i vekt det eg var god for. Likevel heldt det ikkje då me kom til innveging i Florida. Dermed bar det rett inn på eit treningsstudio med heile kvartetten. Etter den runden innfridde me vektkrava. Eg hadde då gått ned sju kilo.Det var dei som hadde pressa seg meir enn det, seier Gangdal.

Haugesundsbåt

Brørne Jens og Jørgen Wathne frå Haugesund kjøpte båten ein Melges 24 som fekk namnet «Partygirl». Båten har byggjenummer 800. Det er i dag totalt bygt berre 830 båtar av denne typen. I tillegg til reiarane vart Erling Holler og Rolf Gangdal henta inn som mannskap. Holler vart sett som baugmann, medan Gangdal tok posisjonen rett bak han. Dei to haugesundarane tok jobbane som hovudtrimmar og rormann.

12. januar var det avreise frå Flesland. Dei første dagane i Florida vart nytta til klargjering av båten og til trening. Dei to haugesundarane var med i denne regattaen i Florida også 2009. Då enda dei på ein tiandeplass. Med topp utstyr og bra mannskap hadde dei eit godt håp om eit enno betre resultat denne gongen. Hovudmålsetjinga deira er likevel retta mot NM – og VM iItalia i juni.

Råsterk avslutning

Key West Race Week 2012, som er det rette namnet på verdscuparrangementet i Florida, starta måndag 16. januar. Det vart ein merkedag for seglarentusiasten frå Stord.

– Absolutt. Det var starten på eit fantastisk seglareventyr. At eg skulle få oppleva noko slikt i januar er berre utruleg. I løpet av fire dagar vart det gjennomført ti regattaer.

Sjølve konkurransen gjekk føre seg på ein bane ute i havet. Banen var på 1,5 nautiske mil og i alt 119 båtar stod på deltakarlista. For å få like forhold og ein optimal konkurranse var båtane delte inn etter type. I Gangdal sin klasse var femten båtar med og fem nasjonar var representerte.

Han kan melda om stigning i sportslege prestasjonar.
– Me enda jo på ein åttandeplass - altså midt på treet i vår klasse. Men me avslutta dei to regattaene ved å bli nummer fire i den siste. Det må me vera godt nøgde med, seier Gangdal.

Ventar i spenning

Etter denne verdscupopninga i Florida går den andre verdscuprunden i Miami. «Partygirl» er alt frakta til denne byen i Florida. Startskotet går i mars. Om det vert ny verdscuptur for Gangdal er likevel uvisst.

– For min del er det uvisst, men båten er på plass og det er nok så godt som sikkert at den deltek også i dette andre verdscuparrangementet. Det er enno ikkje bestemt kva eg gjer. Avgjerda må uansett takast tidleg i februar for at me skal ha sjanse til å få ting i orden tidsnok, seier Gangdal som til dagleg jobbar som konsulent for verksemda Omega.

– Mykje skal klaffa. Både når det gjeld familie og jobb, men det hadde vore artig, seier tobarnsfaren.

Han vil uansett halda den fysiske formen vedlike.

– Det må bli ein del jogging og trening. Alt går mykje lettare når eg er i form. Blir det til at eg reiser vil treninga bli intensivert, seier Gangdal.

Sanka røynsle

Det er ikkje berre eventyrlysta som driv Gangdal over Atlanterhavet.

Eg er ute etter å bli ein betre seglar. Å få vera med under slike tilhøve gir god ballast som kan bli god og ha med vidare. I løpet av dei fire dagane me var i konkurransen i Florida opplevde me både vindstille og sterk kuling, fortel han.

– Slik konkurransen er lagt opp konkurrerer me i større grad på like vilkår enn det me ofte gjer her heime. Dette gir lærdom som kan bli god og ha med vidare, seier Gangdal.

Seglaren har eit spesielt mål for sesongen.

– Eg skal vera med ein stordbåt til VM som i år går på italienske Gardarsjøen. Med andre ord kan me koma i konkurranse med «Partygirl». Faktisk så har me alt målt litt krefter. Det skjedde i samband med ei treningssamling på Askøy.

Det viste seg då at me stordabuar fort kan gje haugesundarane kamp. VM markerer forresten avslutninga av verdscupen, så det kan bli spennande.

– Med andre ord kan du bli konkurrent med dei du i dag kjempar om verdscuppoeng saman med?

– Det stemmer, men for oss er det snakk om berre VM og ikkje verdscupen, sluttar Gangdal.