Omega i lokalavisa Grannar

Les om Omega i Grannar, lokalavisen for Etne- og Vindafjord. Artikkelen fokuserer på hvordan Omega har forberedt seg på nedgang i det norske markedet, og hvordan strategien for videre utvikling ser ut.

Omega rigger om

Milliardkonsernet Omega AS fekk i 2015 kjenne på den norske oljebremsen. No blir det jobba det hardt for å få innpass i nye marknadar. 

Av Torstein Nymoen

Publisert: 31.03.16

Konsernet, som i hovudsak leverer prosjektstyringsverktøy og fagkompetanse til industrien, og som har hovudkontor i Ølensvåg, fekk i 2015 i praksis den same omsetnaden som året før, om lag 1,5 milliard kroner. Men om ein ser berre på morselskapet Omega AS er det eit stort fall i omsetnaden. Frå 1,6 milliardar i 2014 til 982 millionar i fjor. Ein må tilbake til 2011 for å finne lågare omsetnad i selskapet som fram til i fjor har opplevd ein samanhengande opptur. Konsernrekneskapen viser eit resultat på 37,2 millionar kroner i fjor. Ned frå 80,7 millionar i 2014. Morselskapet sitt resultat enda på 27,5 millionar, ned frå 72,5 millionar året før. 

- Tatt i betraktning at det har vore ein stor nedgang i aktivitet i oljesektoren, som er vår hovudsektor, er me nøgde med å oppretthalde omsetnaden i konsernet, seier dagleg leiar Petter Aalvik.

Omega AS

Omega (konsern)

(Mill.kr) 2015 2014
Driftsinntekter 1 566,7 1 552,5
Driftsresultat 73,9 37,4
Netto finans 6,85 -0,18
Resultat før skatt 80,7 37,3
Årsresultat 58,9 22,5

Budd på nedgang i Noreg

Han seier at selskapet budde seg på ein nedgang er heime, ved å ekspandere internasjonalt. Det er spesielt i Canada, kor ein av klimatiske årsakar framleis bygger plattformar i betong, at Omega har fleire store oppdrag. Også innan vasskraft har dei hatt store kontraktar. I Houston i USA har det vore høg aktivitet med leveransar knytt til raffineri. Pims, Omega sin programvaredivisjon, bidrog saman med utanlandske dotterselskap til ein større del av omsetnaden og resultatet enn tidlegare, ein trend som styret forventar vil halde fram i år. 

Det andre forretningsområdet, Jobs, tilbyr fagkompetanse til olje- og gass-industrien innan ulike disiplinar i prosjektstyring og drift. 1,26 milliardar av totalomsetnaden i 2015 kom frå konsulenttenester, 216 millionar frå system- og datatenester, 73 millionar frå byggtenester og anna verksemd. Når det gjeld geografisk fordeling kjem 1,1 milliard av omsetnaden frå Noreg, 30,3 millionar frå Europa elles, og dei resterande 435 millionane frå resten av verda.


Lyspunkt i februar

Talet på nye Omega-prosjekt i Noreg har gått ned over lengre tid. 

- Samstundes som tilgangen på nye prosjekt har gått kraftig ned, har me opplevd at prosjekt som har vore i gang har vorte stansa, fortel Aalvik.

Men i februar i år kom det eit lyspunkt.

- Då var det første månaden på lang tid at vi registrerte fleire nye prosjekt enn prosjekt i avgang. Det står att å sjå om det var ein blaff, seier han.

I 2016 handlar det om å tilpasse seg marknaden ytterlegare.

Faksimile av Omega-saken i Grannar, på trykk 31.03.16.

- Når kundane tek ned kostnadssida går det utover marginane våre. Me reknar med eit dårlegare resultat i 2016 enn i fjor, seier Aalvik.


Færre tilsette

Talet på tilsette i Noreg har på eitt år blitt redusert med 200. Det har ikkje vore kjekt, men det har gått utan støy, seier han. I Noreg har Omega nå 600 tilsette, 194 av desse er knytt til prosjekt på Haugalandet.

- Me har ikkje redusert staben blant dei som jobbar med sal og med få tilgang til nye marknadar. Vår største fokus er å finne nye jobbar til folk framover, seier han.

I utlandet har Omega-staben vakse med nesten like mange som den er redusert i Noreg. I går jobba til saman totalt 934 personar i Omega-konsernet. Ved årsskiftet var talet 961.

- Kor er Omega om to år?

- Då håpar me at me er forbi botn i oljemarknaden og at ting er på veg oppover igjen. For vår del vil vi truleg sjå ein vekst på ein breiare basis ved at me får innpass i nye marknader, seier han.

Han trekkjer fram at dei mellom anna ser vekst innan jernbane, straumnett, vindkraft og aluminium. Omega er blant selskapa som har fått oppdrag knytt til Hydro sitt nye pilotprosjekt for aluminiumsproduksjon på Karmøy.Omega har planar om å auke kontorkapasiteten i Ølensvåg.

- Me jobbar med å modne byggeprosjektet, og me vil nok halde tilbake byggestart i vente på betre marknadar, seier Aalvik.

Fekk Lundin-avtale

Omega AS kunne i går melde at dei har fått ramme-avtale på konsulenttenester til oljeselskapet Lundin Norway AS. Omega har vore i fleire år levert konsulenttenester til Lundin, samt prosjektstyringssystemet Pims som har vore brukt ved utbygginga av Edvard Grieg-feltet.

- Den nye avtalen er omfattande og dekker alle tekniske disiplinar, samt prosjektadministrative posisjonar. Avtalen gjeld for fire år, med opsjoner på ytterlegere to år, skriv selskapet i ei melding til pressa.