Lokka tilbake av jobb-boom
Publisert: 07.05.07
Nationen (Bjarne Bekkeheien Aase)
Ølensvåg i Rogaland er eit godt døme på at ein ikkje treng halde til i sentrale strøk for å lukkast. Lokale gründarar har skapt bedrifter som nå har fått forgreiningar over heile verda. Med rundt 750 innbyggjarar er Ølensvåg for småstad å rekne. Men eit blomstrande næringsliv og lokale gründarar har gjort bygda til ein jobbmetropol.

HEIMFLYTTE: Ein interessant IT-jobb i heimbygda Ølensvåg var medverkande årsak til at Peter Øren (29) og kona Silje Tjelmeland Øren (32) bytta ut bylivet i Bergen. Her saman med vesle David (snart 1).
Sigmund Lunde (45) starta på bar bakke for tjue år sidan. Nå har IT-konsernet hans, Omega, 425 tilsette spreidd over heile verda.
Omega AS
Hovudkontoret ligg i Ølensvåg, og der har også Peter Øren (29) funne den ideelle datajobben. Han meiner næringslivet er svært viktig for bygda.
Her er jobbane vel så spanande som i ein større by, og det bidreg til at svært mange flyttar tilbake etter utdanning, seier Øren, og trekkjer fram ei rekkje eksempel på venner og kjente som har flytta tilbake.
Han trefte kona Silje Tjelmeland Øren (32) då han studerte i Bergen, og nå er dei etablerte på heimlege trakter med vesle David som siste skot på familietreet.
Vi kjem begge frå området her, og attraktive jobbar er medverkande årsak til at vi har flytta tilbake. Dessutan har det skjedd mykje positivt her dei siste åra, seier dei, og trekkjer fram ei rekkje utbyggingar og nye tiltak som er realisert etter samarbeid mellom kommunen og næringslivet.
IT-gründar Sigmund Lunde står bak ei av dei mange ekspansive bedriftene i lokalsamfunnet. Omega, som leverer programvare til oljeindustrien, utvidar nå hovudkontoret sitt i Ølensvåg til det doble. Konsernet har avdelingar spreidd over heile Norge, og dotterselskap i både Australia, Singapore, USA og Canada.
I forhold til kundane er det kanskje litt naturstridig å ha base her i Ølensvåg, men med mange flinke folk, stabil arbeidskraft og godt samarbeid går det svært bra, seier Lunde.
Murmansk og nordområda er eit satsingsfelt framover, og selskapet snusar også på ei etablering i Oslo. Det har derimot ikkje vore så lett til nå.
Vi ser behovet for fotfeste i hovudstaden, men så langt har alle vi har sendt herifrå lengta heim etter kort tid, smiler Lunde, som kan registrere at staben totalt har auka med 120 personar berre i løpet av det siste året.
Pendlar mange mil
Det familieeigde skipsverftet West Contractors AS er ein annan stor arbeidsplass i Ølensvåg. Dei siste fem åra har den faste staben auka frå 160 til 250 personar. I tillegg er 380 gjestearbeidarar innlosjert på brakkeriggar. På det meste er det 1300 personar i sving inne på verftsområdet. Skipsbygging og ombygging av oljeplattformar er blant spesialitetane, og årleg er det rundt 60 skip innom verftet. - Verftsnæringa skrik etter folk, og vi har mange som pendlar milevis frå både Odda i aust og Karmøy i vest, seier driftsleiar Arne Matre. Han trur litt av årsaka til at næringslivet i Ølensvåg har lukkast, er miljøet og samhaldet.
Eg trur det ligg litt i kulturen her. Dessutan, det å sjå at andre klarer det, kan også gi mot til å satse, seier Matre.
Nytt hovudkontor
Reiarlaget Sandfrakt og entreprenøren Berge Sag er andre større bedrifter med over 50 tilsette kvar i Ølensvåg. Dei gode tidene blir også utnytta til fulle av Ølen Betong. Selskapet har kontraktar for 250 millionar kroner på Snøhvit-utbygginga ved Hammerfest, og dei byggjer store delar av den nye motorvegen mellom Kristiansand og Grimstad. Sjølv med stor aktivitet utanfor nærområdet, jobbar over halvparten av dei 150 tilsette i konsernet lokalt. Nå er verksemda også i full gang med å byggje nytt hovudkontor på 1500 kvadratmeter i Ølensvåg.
Det som har skjedd her dei siste 30 åra er eit ekte industrieventyr, og ingenting tilseier at det skal ta slutt, seier Arne Haldorsen, administrerande direktør i Ølen Betong. Selskapet satsar nå over 30 millionar kroner på nye mobile betongblandeverk, og ser dessutan mot store oljeprosjekt i Murmansk. - Vi har ein delegasjon der oppe nå, og i løpet av hausten reknar eg meg vi vil etablere oss der. Det er viktig å posisjonere seg til Shtokman- utbygginga, seier Haldorsen.