“Død” mann sigra
Publisert: 12.10.09
Haugesunds Avis (Einar Vestvik)
For tre månader sidan blei Sigmund Lunde (47) råka av hjartestans i fire–fem minuttar. Laurdag vann han Omega AS sin interne triathlon-konkurranse på tida 3.14:26.

SUVEREN: Få hundre meter frå mål kunne Sigmund Lunde (47) kosta på seg eit lite smil, vel vitande om at han som eldste deltakar i Omega AS si improviserte triathlon-konkurranse kom til å vinna med klar margin.
– Det var då pyton også å bli slått av ein “død” mann, sa engelskfødde Neil Carlsen då han sprang inn til andreplass to minuttar og 12 sekundar etter vinnaren. Resultatet kunne blitt eit anna om ikkje Carlsen hadde fått problem under sykkeletappen.
– Kjedet fall av, og under forsøk på å få det på plass igjen, hamna eg i grøfta, fortel mannen, som kom blodig inn til siste veksling ved Ølen Senter.
Både Carlsen og resten av gjengen er full av beundring for vinnaren sin innsats. Og sigeren var ikkje uventa, forsikrar dei. Lunde sjølv tek det med fatning.
– Eg har fått beskjed om å trena mykje nå. Dette skjedde i heilt kontrollerte former, seier han.
Hjartestansen for tre månader skjedde under bilkjøring. Hadde ikkje ambulansen kome så raskt, ville nok utfallet blitt eit anna.
Kontorfolk og ingeniørar
Omega AS er ei ingeniørbedrift med 600 tilsette, av dette nær 80 ved hovudkontoret i Ølensvåg. Det var mellom desse kontorfolka ei lita gruppe bestemte seg på kort varsel at dei ville gjennomføra ein såkalla olympisk triathlon. Seks menn i alderen 26 til 47 år stilte til start i Vindafjordhallen, der første øving var 1.500 meter symjing. Under den påfølgjande sykkeletappen måtte ein av deltakarane trekkja seg. Dei fem andre fullførte 40 kilometer på hjul og deretter ti kilometer landevegsløp.
Ein av initiativtakarane, Johnny Vik (37) fekk stort forsprang på dei andre allereie under symjinga. Han leia framleis med god margin ved siste veksling, men fekk problem under løpsetappen og enda på tredjeplass.
– Denne gongen var det improvisert, men til våren eller sommaren skal me freista å utfordra alle tilsette til å vera med, seier vinnar Sigmund Lunde. Han er også styreleiar i verksemda, og ser “den kontrollerte galskapen” i ein større samanheng. Datafolk treng å riva seg laus frå skjermane og få fysisk aktivitet. Dette er ikkje nytt i Omega, der dei alt frå før har eit opplegg med premiering for treningsinnsats. Mindre skal det ikkje bli etter dette, lovar han.