Eventyrleg vekst: Haustjakt på 50 tilsette

Publisert: 12.11.05

Haugesunds Avis (Arne Frøkedal)

Her er ei av landets fremste vekstbedrifter. Nå jaktar Omega på minst 50 nye medarbeidarar.

KLARE FOR INNRYKK: Storrekruttering gir Omega-tilsette Torleif Heggebø (t.v.), Lars Dalen, Lauren McPherson, Anne Fredriksen og Eiolf Berge ei travel førjulstid.

Westcon og Ølen Betong Gruppen tevlar i desse dagar om den prestisjetunge vekstprisen Entrepreneur Of The Year, saman med Jakob Hatteland. Ingen av dei matchar nabobedrifta i stillingsvekst.

– Får me 50 kvalifiserte søkjarar, er dei sikra jobb hos oss, fastslår avdelingssjef Torleif Heggebø i Omega AS.

Sju nye kvar månad

Den unge bedrifta ved sjøkanten i Ølensvåg opplever ei eventyrleg utvikling. Så langt i år er sju ny medarbeidarar tilsett i snitt kvar einaste månad. I desse dagar går Omega breitt ut for å styrka staben ytterlegare. I mai 2002 blei nummer hundre tilsett. Ved inngangen til fjoråret hadde staben vakse til 125, og ved utgangen av året stod det 189 namn på lønningslistene.

– I dag er me 259 og håper snart å passera 300, fortel Heggebø. I Ølensvåg er det i desse dagar fullt trykk på telefonlinjene etter at bedrifta gjennom fleire regionaviser lyste ut 50 nye stillingar. I eit av møteroma sit Anne Fredriksen og leiar ein stab som skal ha ferdig eit introduksjonskurs for nytilsette. Opplæringa vil i hovudsak skje via nettet då det er praktisk umogeleg å samla alle nye fjes i hovudkvarteret.

Parameter

Omega er eit serviceselskap til olje-, gass- og leverandørindustrien. Gründerane i Ølensvåg har utvikla eigne databaserte løysingar på korleis ting kan gjerast smartare, og tilbyr sine tenester i form av konsulentar som drar ut til kundar over heile verda.

– Du kan seia at Omega er eit parameter på korleis det går i sektoren. Etterspørselen etter våre tenester viser både at me har eit godt produkt og at det er hektisk aktivitet i sektoren, seier Heggebø, ein av fem avdelingssjefar. Veksten slår også kraftig ut i omsetninga. I fjor auka konsernet sine driftsinntekter med 34 prosent. Då Haugesunds Avis omtalte bedrifta i juni i år, tok sjefen Petter Aalvik skikkeleg feil då han stipulerte årets omsetning til rundt 200 millionar.

– Konsernet endar nok på ca 240 millionar i 2005, opplyser administrasjonssjef Lars Dalen i dag.

Ut i landet

Bedrifta har alt støvsuge den regionale arbeidsmarknaden og reknar ikkje med å finna så mange kandidatar på Haugalandet. Difor går selskapet nå ut i ein større del av landet, samt i utlandet. Den internasjonale satsinga krev dessutan tilsette som beherskar ulike språk. Bedrifta har alt eit titals nasjonalitetar i rekkene og fleire vil det bli.

– Vår beste marknadsføring er tilfredse kundar og gode ambassadørar ute. I utgangspunktet jaktar me på høgt kvalifisert personell, men unge svolte og lærevillige kandidatar, som ikkje er redd for å reisa og jobba langt heime frå, er også interessante, seier Torleif Heggebø.