Omega fossar fram
Publisert: 10.05.10
Haugesunds Avis (Sigmund Hansen)
650 tilsette over heile verda, nytt liv i marknaden og fire nye rammeavtaler med Statoil og ein med italienske ENI. Sola skin på hovudkontoret til Omega i Ølensvåg.
TILSET FLEIRE: Dagleg leiar Petter Aalvik i Omega har i den seinare tid tilsett fleire ettersom oppdragsmengda har auka. Totalt jobbar 650 i Omega-konsemet. Fire nye rammeavtalar med Statoil og ein med italienske ENI styrkjer framtidstrua. (Arkivfoto: Arne Frøkedal)
Dagleg leiar Petter Aalvik kan ikkje anna enn å gle seg over 40 ulike kundar innan energisektoren. Statoil klart størst. Men kundeporteføljen tel også Conoco, Aibel, Hydro, Gassco, Total og mange andre.
– Dei nye rammeavtalane me nett har underskreve, kvalifiserer oss til å gje tilbod på alle oppdrag som for eksempel Statoil legg ut innanfor rammeavtaleområda. Me opplever at kundane viser oss tillit. Desse store rammeavtalane får me fordi me har dyktige folk som gjev Omega eit godt renommé, seier Petter Aalvik.
– Kor stor er konkurransen?
– Det kan vera frå fem til ti norske firma, men internasjonalt er det i tillegg til dette ei rad utanlandske.
Veks
Omega kom gjennom 2009 på budsjett og no merkar dei at marknaden tar seg opp etter finanskrise og låge oljeprisar.
I hovudkontoret i Ølensvåg sit berre 80 – administrasjon, teknologiutvikling, avdelingar for prosjekttenester og systemtenester. Dei andre avdelingane ligg i Stavanger, Bergen, Oslo, Houston, Singapore. Ei utviklingsavdeling er lagt til Litauen, også med sikte på å posisjonera seg for den russiske marknaden. Og nytt kontor i Trondheim opnar snart.
Skaffar folk
Dagleg leiar Aalvik seier langsiktige rammeavtaler (tre år pluss opsjon på forlenging) gjer det lettare å skaffa dyktige folk.
– Me får desse avtalene fordi kunden har vore nøgd med oss. Og medarbeidarane synest me er attraktiv som arbeidsgjevar med slike avtaler.
Eit eige servicesenter gjer alt for at folk skal trivast i Omega.
– Her driv me med alt frå teambuilding, feriehus i Syden og på fjellet til kompetansehevande kurs, fortel Aalvik.
Store tal
Konsernet Omega AS, med utanlandske dotterselskap, eigedommar og ingeniørfirmaet Omega IAT, omsette for 796,5 millionar kroner i 2009. Dette er ein auke på 20 prosent.
– Det var som budsjettert. Resultatet etter skatt enda på 30,5 millionar kroner, seier den daglege leiaren.
Sigmund Lunde er styreleiar. Gjennom selskapet MittDistrikt Invest A/S har han 28,18 prosent av aksjane i Omega A/S.
Petter Aalvik har 10,65 prosent gjennom sitt selskap, Ryvarden A/S.