Ynglar jobbar og pengar

Publisert: 09.06.08

Haugesunds Avis (Arne Frøkedal)

Han styrer ei av regionens mest ekspansive bedrifter. Serviceselskapet Omega AS passerer 500 tilsette og ein halv milliard i omsetning.

SUKSESSBEDRIFT: Petter Aalvik, her framfor det nyutbygde kontorbygget i Ølensvåg, ser ingen mørke skyar i horisonten. (Foto: Arne Frøkedal)

Petter Aalvik (43) har ein stri jobb med å halda styr på teljinga. For maken til vekst skal du leita lenge etter. For seks år sidan passerte Omega hundre tilsette. Berre sidan nyttår har 67 nye komme til. Dagens arbeidsstokk har nådd 550 fordelt på over 25 nasjonalitetar.

– Toppen er nok ikkje nådd endå. Både i Noreg og internasjonalt har me eit stort potensial, seier dagleg leiar Petter Aalvik.

Mot 600 millionar

Ekspressfarten gir også markant utteljing i rekneskapen. På få år har teknologiselskapet som har utvikla sine eigne system for prosjektstyring til energisektoren, auka sine inntekter formidabelt. I 2004 omsette konsernet for 163 millionar. I fjor utgjorde driftsinntektene nesten ein halv milliard. I år nærmar dei seg 600 millionar. All vekst er utan oppkjøp og marknadsføring.

– Våre ressursar er kompetansen og nettverket til våre folk som er spreidd over store deler av verda. Ambisjonar er ikkje å veksa for ein kvar pris. Omega skal vera store nok til å levera, men samstundes små nok til bry seg, seier sjefen, busett på Sola og med god lokal ballast.

Utbytte

Fjorårsresultat før skatt var på 35,8 millionar, som er det beste i selskapets historie. Eigarane som sjølv jobbar i bedrifta, tar ut eit utbytte på vel 14 millionar. Det gir også til salt i grauten og vel så det for sjefen. Aalvik som har leia Omega sidan 2005, har kjøpt seg opp til vel ti prosent og er tredje største aksjonær. Dermed får hans selskap, Ryvarden AS, eit utbytte på 1,5 millionar. Det kjem på toppen av lønna på nesten ein million.

Velferdsprogram

FAKTA

  • Omega AS blei etablert i 1991 av lokale personar med utspring frå Futura Datasenter i Ølen.
  • Sel konsulenttenester, prosjektsystem og løysingar til store kundar i olje/gass- og energiindustrien (som StatoilHydro, BP, Conoco/Phillips, Aker Kværner og Gassco).
  • Hovudkontor i Ølensvåg, avdelingar i Stavanger, Bergen, Oslo, Hammerfest og Porsgrunn, samt aktivitet og dotterselskap i ei titals land; blant anna Houston, Canada, Singapore, Midtausten, Australia og europeiske land.
  • Eigd av tilsette, totalt 39 aksjonærar med gründerane Sigmund Lunde (46) og Tor Erling Lunde (50) som største.

43-åringen opplev ikkje at ekspansjonen gir veksesmerter. Tvert imot.

– Blant anna har det gitt oss sterke fagmiljø innan ei rekkje produkt og tenesteområde, større tyngde på produktutvikling, betre styringssystem og ein dyktig og effektiv administrasjon. Samstundes prøver me å legga godt til rette for våre folk. Vil nokon jobba i Singapore, vil det vera sjanse for det, seier Aalvik.

Omega er kjent for sitt innhaldsrike velferdsprogram. Eit bonussystem der alle tilsette får ekstrapoeng kvar månad og ekstrapoeng ved å sykla til jobb, skriva for nattmagasinet og anna, er innført. Poenga kan nyttast til bedriftsturar, bruk av firmabåt eller ei av 14 hytter/leilegheiter selskapet har kjøpt ved sjø, fjell og i Syden.

Ny marknad

Høg oljepris og stor utbyggingsaktivitet i fleire år er grunnen til ekspansjonen for bedrifta i Ølensvåg. Her har Omega med sin faste stab på 80 personar, nyleg tatt i bruk eit utvida og renovert kontorbygg på vel 1.400 kvadratmeter til over ti millionar. Konsernet sine budsjett tilseier 20 prosent årleg vekst og sjefen ser ein god marknad framover innanfor energisektoren, som også inkluderer fornybar energi.

– Den tyngste veksten vil koma i Noreg kor posisjonen vår er sterkast, men me ser også god vekst i utlandet der me legg vekt på å rekruttera lokalt. Når desse etter kvart får leiaransvar og eigne nettverk i regionen, kan det opna seg store nye marknader, seier Petter Aalvik.