Dataopplæring i Ølen før verda ventar
Publisert: 02.08.07
Haugesunds Avis (Kjetil Østrem)
Den verdsfemnande Ølen-verksemda Omega AS har sparka i gang eit internasjonalt traineeprogram. Neo Wei Ling (23) og Hoon Tian Hsiung (28) frå Singapore har ambisjonane klare.

LANGT HEIMEFRÅ: Det er langt frå sydande, tropisk miljø i Singapore, til kalde Ølen. Hoon Tian Hsiung (t.v.) og Neo Wei Ling er likevel mest opptekne av Omega AS sitt ni månader lange traineeprogram. – Etterpå er me vonleg klare for dei store oppgåvene i selskapet, smiler dei.
– Me håpar me kan utvikla oss på alle område innanfor verksemda sine forretningsområde – frå programmering og produktutvikling, til administrasjon og leiing, seier Tian Hsiung.
Han og Wei Ling kom til Noreg og Ølen 17. juli. No ventar tre månader ved Omega-hovudkontoret i Ølen sentrum, tre månader i Houston og til slutt tre nye månader i Ølen. Då skal dei vera klare for større oppgåver i verksemda som har aktivitet over store deler av verda. I tillegg til dei to er det for tida tilsette frå både Venezuela, Litauen og India på plass for opplæring i Ølen.
– Dette er første gong me prøver eit traineeprogram over ein så lang periode. Tidlegare har dei gjerne berre vore innom i eit par månader. Det har kanskje vore i minste laget, innrømmer Johnny Vik, leiar for teknologiområdet i Omega.
Det er mykje å setja seg inn i og mykje og læra. Me har aldri vore borti olje- og leverandørindustrien, så dagane er veldig spennande, seier duoen frå Singapore.
Kyr i bakhagen
Dei innrømmer at vegen frå Singapore til Ølen er lang. Dei kjem frå eit tropisk land – med 3,1 millionar innbyggjarar pressa saman på beskjedne 650 kvadratkilometer til kalde Ølen med sine om lag 1.600 fastbuande.
– Eg vil ikkje seia at me har fått kultursjokk, men spesielt er det. Og litt eksotisk. Me er innkvartert i eit idyllisk hus. Me har til og med kyr i bakhagen. Heldigvis er det gjerde rundt, smiler Wei Ling. Ho skryt av måten dei er tekne imot på.
– Det er tydeleg at Omega har erfaring med internasjonale trainee-ar. Alt har gått knirkefritt sidan me landa på flyplassen i Stavanger. Dei gjer kva som helst for å ta vare på oss – som å kjøpa frukost, fortel ho.
Så den norske maten er ok?
– Utvalet er ikkje like stort som heime. Singapore har ein høgt utvikla matkultur, og overalt kor du snur deg kan du få kva du måtte ønskja deg – omtrent på sekundet. Det saknar eg litt. Men me svelt ikkje i hel, om du skulle tru det.
Både Wei Ling og Tian Hsiung si datainteresse vart vekt gjennom dataspel. Seinare vart dei meir interesserte i web-basert programmering, applikasjonar, koding og grafikk.
– Eg lærte mykje om data då eg flaut nok som 11-åring oppretta ei heimeside for favorittbandet mitt. I dag er interessene litt meir seriøse, understrekar Neo Wei Ling.
God sirkel

Dei to asiatane har fått jobb i eit solid selskap. Omega hadde eit eventyrleg år i 2006, med ein vekst på 57,5 prosent i høve til året før. Selskapet hadde driftsinntekter på 390 millionar kroner, noko som gav eit resultat før skatt på 31 millionar kroner. Administrerande direktør Petter Aalvik er sjølvsagt strålande nøgd.
– Me er inne i ein god sirkel der me stadig vekk får fleire kundar på prosjektsystema våre. Det skaffar oss eit større nettverk som også gjev positive utslag på prosjekttenestene me tilbyr. Fleire får høyra om oss gjennom andre, og får vita at me gjer ein god jobb. Samstundes er det ein veldig trøkk i marknaden, så me er ikkje dei einaste som gjer det bra, understrekar Aalvik.
Selskapet har gått ein lang veg sidan starten med Sigmund Lunde og Futura Datasenter i 1987. Den gongen var det størst fokus på sal av teikneprogram, PC-ar og generell programvare. I 1991 skifta namnet til Omega. Hardwaresatsinga vart avvikla til fordel for ein sterkare vinkling inn mot oljebransjen og leverandørindustrien, og sal av eigenutvikla system og databaseløysingar. Aalvik fortel at timinga ikkje kunne ha vore betre.
– Når det gjeld databaseteknologi kom me inn akkurat på rett tidspunkt. Dette var den teknologien veldig mange såg etter då me entra scenen. Dette er heilt klart ei av årsakene til at det har gått så bra, med kontinuerleg vekst sidan starten.
15 tilsetjingar i juni
Unnataket er eitt enkelt nedgangsår på slutten av 90-talet, då oljeprisen sank til 10 dollar fatet, og investeringane i bransjen stoppa opp.
– Dette fekk sjølvsagt også me merka på kroppen.
Men i dag er tilbakegangen historie. Omega har 446 tilsette. Berre i juni vart det tilsett 15 nye. Butikken går så det susar.
– Hadde det vore uavgrensa tilgang på arbeidskraft og kompetanse, så kunne nok veksten ha vore endå sterkare. Men me er veldig glade og nøgde over det me har oppnådd uansett, seier Petter Aalvik.