Omega veks vidare
Publisert 07.10.10
Grannar (Kari Aakra)
Med nye storkontraktar og ein stadig aukande stab ekspanderer Omega. På fleire område. Verksemda i Ølensvåg er i ferd med å bikka 700 tilsette.

Håvard Matre (t.v.), Johnny Vik, og Petter Øren ved Omega kan smila breitt. Omega veks stadig, med stadig nye storprosjekt. I helga var dei vertskap
for 70 systemoperatørar i heile Omega-selskapet i Ølensvåg.
(Foto: Grannar, Kari Aakra)
Omega AS aukar i både talet på tilsette og kundeomfang. Nyleg drog Ølensvåg-verksemda i land ein ny avtale med ein internasjonal oljegigant. Omega har levert produkt og tenester til det globale oljeselskapet i lengre tid, som nå etterkvart ønskjer å køyra Omegasystem på alle sine store prosjekt verda over.
— Avtalen gjeld ei programvare frå Omega som skal brukast på storprosjekt i selskapet på global basis. Me har levert produkt til dei i mange år, men nå viser dei at dei ønskjer å satsa meir på oss og produkta våre, fortel dagleg leiar i Omega AS, Petter Aalvik som ikkje har høve til å offentleggjera namnet på kunden.
Snart 700
Omega hadde ei auka omsetning i fjor på over hundre millionar kroner. Frå nærare 613 millionar i 2008, hamna 2009-omsetninga på nærare 730 millionar. I sommar fekk verksemda også fornya rammeavtalen med Statoil ASA. I helga var 70 systemoperatørar samla til annankvarårleg treff i Ølensvåg for oppdateringar på teknologien og produkta utvikla ved kontoret i Vågen. Ved neste treff i hovudkvarteret vil talet operatørar truleg ha auka frå i år. Per i dag har Omega AS nærare 670 tilsette, og med stadig fleire og store prosjekt har behovet for fleire konsulentar meldt seg.
Etterspurnaden etter deira eige styringsverktøy, Pims aukar stadig, og har nå om lag 5.000 brukarar. Verksemda vil truleg bikka 700 tilsette om ikkje lenge, og det er kombinasjonen av Pims og Omega-personell som er oppskrifta til den stadig positive utviklinga, meiner dei tilsette sjølv.
Kombinasjon
— Suksessfaktoren er ein kombinasjon av folk og system. Også i samband med fornyinga av den siste rammeavtalen med Statoil ASA, fekk me eit nytt område å dekka, der me både leverer produkt og stiller med konsulentar, fortel produktsjef Jonny Vik, teknologisjef Petter Øren, og avdelingsleiar i Stavanger, Håvard Matre, som i helga stilte som vertskap for dei mange operatørane på besøk i Ølensvåg.
— Finanskrisa har ikkje sett den store bremsen på verksemda, meiner dei tre, men veksten er gjerne ikkje like stor som tidlegare. Likevel peikar dei på at verksemda hadde like over 600 tilsette då krisa slo inn, men at staben trass vanskelegare tider har auka vidare.
— Me blir betre med sterkare konkurranse. Det er i stor grad kundane som dikterer, medan me implementerer og tilpassar produkta ute i marknaden blant kundane våre. Difor held me nok også fram med å veksa, og aktiviteten for oss har vore jamn, seier dei tre, og legg til at det stadig melder seg behov for nye konsulentar i Omega-staben.
— Me køyrer nye rekrutteringsrundar, og er stadig på jakt etter nye folk til fleire av våre kontor.
Verdas største
Systemverktøy frå Omega er nå også brukt i det som skal vera verdas største oljeutvinningsprosjekt. Selskapet NCOC består av oljegigantar som ConocoPhilips, ENI, Exxon Mobil, Shell, Total, og det statlege gass- og oljeselskapet i Kasakhstan, og er i startfasen av eit mangeårig oljeprosjekt i det Kaspiske hav.
— For oss er dette førebels ikkje så stor avtale, då det endå er heilt i oppstartsfasen. Men me er kome i ein posisjon i dette arbeidet som opnar mange moglegheiter etter kvart som prosjektet utviklar seg, seier Aalvik.