To blant førti tusen
Publisert: November 2007
Det spørst om dei smiler like lett på søndag, dei to amatørane frå datafirmaet Omega i Ølensvåg, når dei har tilbakelagt litt over 42 kilometer i New York marathon.

Det er nok av folk som deltar i det berømde New York Marathon, i år er to av dei Sandra Hegerland og Kjetil Espeland frå Ølen. (Foto: Hans Petter Jacobsen)
Sandra Hegerland (20) og Kjetil Espeland (36) arbeider på same kontor i firmaet. Sandra er lærling i administrasjonen og Kjetil driv med rekneskap.
Me har tatt ei utfordring me fekk frå firmaet for å skaffa oss poeng som me får i samband med aktivitetar for å halde oss i god fysisk form. Me sit jo for det meste i ro føre dataskjermane og firmaet set stort fokus på at me er friske og godt trente. Seier Kjetil som har prøvesprunge Oslo Marathon for ikkje så lenge sidan.
Aldri meir, sa eg då eg klarte å nå mål, seier han med eit smil, men legg fort til at det gjekk fort over då han la tankane til New York igjen. Han har aldri vore i USA og gler seg som ein unge. Sandra var ein tur til Minnesota då ho gjekk på skulen, men har aldri opplevd storbyen dei kaller “The Big Apple”.
Eg har ikkje jogga særleg før, eg driv litt med handball i Ølen og er vel normalt godt trena, svarar Sandra på spørsmål om ho har trua på ei god tid i løypa. - Me har dreve på eit års tid med lange økter trening for å få opp kondisen, omlag ein marathon i snitt i veka. Det var opprinneleg 10 stykk som melde seg på, men av forskjellige grunner er det berre oss to igjen, seier Kjetil som heller ikkje har nokon løparbakgrunn.
Litt einsamt kanskje, men det blir annleis på søndag når me startar saman med så mange andre, og så er det jo fleire hundre tusen som berre står rundt gatene og heier på oss. Er det nokon som er inne på internet kan dei leite etter Sandra sitt startnummer 41346 eller mitt 20766, flirer Kjetil.
For Redd Barna
Dei to ungdommane har også tenkt på litt andre ting i samanheng med dette løpet. Dei har nemlig skaffa seg sponsorar som betaler det dei tykkjer ein slik løpetur er verdt, og all inntekta skal gå til eit prosjekt som Redd Barna driv i Etiopia. - Pengane går til eit prosjekt for skulegang og sjølv om me ikkje veit heilt og fullt kva, eg trur at pengane vil komma godt med, seier Kjetil. - Me har utfordra kollegaer og andre rundt oss om å sponse det dei meiner er rett sum, pengane kjem godt med, seier Sandra. Som fortel at ho nok legger inn ein liten shoppingtur inn i programmet på laurdag. Dei reiser saman med 150 andre frå Norge på fredag og er heime på jobb, sikkert litt møyre i beina, på tysdag.
Det blir nok og dra seg inn dei siste kilometrane på rein vilje, ler Kjetil som ennå kjenner litt av Oslo Marathon i beina.