Omega doblar arealet
Publisert: Mai, 2008
Eit vidunder av ei lokal bedrift. Omega AS i Ølensvåg har i år auka både omsettinga, talet på tilsette og kontorarealet.

I opningtalen understreka den tydeleg stolte daglege leiaren ved Omega AS i Ølensvåg, Petter Aalvik, at Omega var og vil alltid vera ei bedrift med sterke røter i lokalmiljøet. (Foto: Aurelija P. Hustveit)
Konsernet Omega AS kjenner ikkje til raude tal i rekneskapen. 495 millioner kroner i omsetning i 2007 og vel 540 tilsette er dei ferske tala frå Omega AS, som blei presentert under opninga av det nye kontorbygget sist torsdag. Med avdelingar på meir sentrale stader i Noreg og utlandet, var gründarane av bedrifta sikre på å ha hovudkontor i vesle Ølensvåg til forundring og fascinasjon for kundane og eigne tilsette i utlandet.
Det er ganske eksotisk for medarbeidarane våre i Singapore å sjå at hovudkontoret står på bryggekanten omkransa av fantastisk natur. Dei blir veldig forundra, men også veldig imponerte. Med eit nytt og utvida hovudkontor står Omega fram som eit solid og seriøst firma, som skapar tillit hjå kundane, sa dagleg leiar ved Omega AS, Petter Aalvik, under den offisielle opningsseremonien av det nye kontorbygget i Ølensvåg.
Dobla arealet
Innviinga av det nye bygget var ein slags open dag ved hovudkontoret. Grillmat og kaker vart servert ute på den nye terrassen langs bygget der Omegakontora held til. Levande pianomusikk ved Jan Sverre Frønsdal og strålar frå den raude kveldssola skapte atmosfære av uterestaurant med høg kosefaktor. Alle som ville sjå seg rundt og inni bedrifta sine lokale kunne berre ta seg ein rundtur i alle etasjane. Kvite veggar mot mørkegrå dører og golv, parkettgolv i øvre etasjane og store vindauge mot Ølensfjorden, pluss eit gedigent ventilasjonssystem, vil auka trivselen på kontoret for dei tilsette. Og Omegatilsette brukar mykje tid på kontor, fortel bygningssjef og velferdsansvarleg i Omega Arne Gunnar Habbestad.
Det nye kontorbygget er på 750 kvadratmeter, medan det gamle er på 670 kvadratmeter. No er arealet på heile hovudkontoret på vel 1400 kvadratmeter. I tillegg til det nye bygget, blei omtrent 60 prosent av det gamle kontorbygget totalrenovert. Pluss at me har laga ein ny terrasse og uteanlegg med fiskedam, fortel bygningssjefen og viser rundt.
Kan bli større
Det nye treetasjes kontoret ytst på kanten av brygga blei utforma av arkitektpennen til Terje Lunde og vidare gjennomført av arkitektane ved Omega IAT.
- Me har planar om å utvida i den andre retningen av bygget, men før reguleringsplanen i samband med undergangen under E134 er klar, vil me ikkje gjera nokon ting, seier Habbestad.