Fjerde bedrifta over milliarden

Omega AS i Ølensvåg er det fjerde selskapet i Vindafjord som har over milliarden i omsetning. Bakgrunnen er rekordvekst i 2011.

Publisert 09.03.12

Frå lokalavisa Grannar for Vindafjord og Etne, 05.03.12
av Jon Edvardsen,

grannar-g7.jpg

Faksimile frå Grannar, 05.03.12

Med 189 millionar kroner i inntektsvekst i fjor, er Omega endå ei bedrift i Vindafjord med over ein milliard i omsetning. I denne divisjonen er frå før Westcon-konsernet, Fatland-konsernet og Hatteland-gruppa.

Omega auka inntektene frå vel 843 millionar kroner i 2010 til drøye 1032 millionar året etter. Bedrifta passerer milliarden 25 år etter at forløparen Futura datasenter starta opp i 1987.

Å passere milliarden var litt av årsaka til at Omega var ein av tre finalekandidatar til årets bedrift på Haugalandet. Men på Haugalandskonferansen på fredag vart det klart at it-selskapet Sysco på Karmøy drog det lengste strået.

Styrke i vekst

For Omega er milliarden ein merkestein for den raske veksten selskapet har bak seg. Snittveksten har vore 30 prosent sidan 2003, og aldri så stor i kroner som i 2011. Eventyrleg er ordet Omega-gründer og styreleiar Sigmund Lunde brukar på utviklinga til bedrifta.

– Vi har krevjande kundar som arbeider med store prosjekt, og heilt sidan vi fekk den første avtalen med Statoil i 1994, har vi blitt møtt med at vi er for små. Dei etterspør at vi kan stille opp på nye stader og utfordrar oss på at vi har for lite kompetanse. Heile tida har det vore eit spørsmål om vi er store nok til å levere. Veksten gir fleire tilsette og større breidde i kompetansen. Difor er vekst viktig, seier Lunde.

Eit selskap på veg oppover gir også betre utsikter for karriere for dei tilsette, og det er lettare å tiltrekkje seg kompetente folk, legg han til.

Gode på marginar

Den sterke veksten i inntektene i fjor bidrar derimot ikkje i tilsvarande vekst i overskotet når utgiftene er betalt og kassa blir gjort opp. Resultatet etter skatt var på nesten 39 millionar kroner mot over 35 millionar året før. Men akkurat det forklarer selskapet er ein fordel i konkurransen med andre leverandørar. Selskapet i Ølensvåg ser det som ein del av strategien å kunne drive med låge driftsmarginar.

Det forklarar Lunde slik:
– Sjølv om marginen er låg, kan du likevel ha ein god butikk. Det er humankapitalen som er viktig for oss, og vi har ikkje behov for store investeringar i dyre maskiner. Når marginen ikkje blir så stor, er det vanskelegare for andre å ta andelar i denne marknaden, og det er heller ikkje så lukrativt. I tillegg bruker Omega pengar på teknologi og produktutvikling som kan gi god avkasting på sikt.

Passere tusen

Det er til utbyggingsprosjekt i olje og gass Omega leverer kompetansetenester, med eit eigenutvikla styringssystem som grunnpilaren. For oljeindustrien var 2011 eit godt år, og det blir full gass i 2012. Det ventar også Omega framover.

– Det er rekordstore investeringar på norsk sokkel. Målet er å ta nye marknadsandelar. Vi har passert milliarden og er klar for å passere 1.000 tilsette i 2012, seier han.

I dag har dei i overkant av 900 tilsette. Lunde synest det er flott at Westcon Yard i nabolaget får så store oppdrag som oljeriggen Scarabeo 8. Det førte til at verftet var den nest største kunden til Omega i 2011, etter Statoil.

Sprengt i Ølensvåg

Omega har sju avdelingar i utlandet, med litt blanda resultat i 2011. Omega Signapore og Omnivare i Australia har god vekst, medan Lunde karakteriserer det som knalltøft å hevde seg i Houston. Det er ingen planar om fleire utanlandskontor i 2012, men Omega vil satse sterkare i Canada.

– Utlandet har ikkje verkeleg tatt av, men vi har sådd eit frø, seier Sigmund Lunde. Ved hovudbasen i Ølensvåg er kapasiteten sprengt, og selskapet har teikningane klare for eit tilbygg. Men det er på vent på grunn av ein uavklara status for E134 og vegløysingane i Ølensvåg som har blitt utsette i mange år.