God fart med bremse

Publisert: @Render("PublishedDate")

@Render("Author")

Den uvanleg sterke veksten i Omega AS bremsa litt opp i fjor, men selskapet har likevel lokomotivfart og tener meir pengar. Ingen andre selskap i Vindafjord har så mange fast tilsette på lønningslista som Omega.

Petter Aalvik foran Omega-bygget i Ølensvåg

Dagleg leiar Petter Aalvik i Omega kan sjå tilbake på eit godt år trass i at hurtigtoget bremsa litt opp i finanskrisa.
(Foto: Jon Edvardsen, Grannar)

Per dags dato er det berre Vindafjord kommune, med rundt 800 tilsette, som har fleire fast tilsette enn selskapet i Ølensvåg. Konsernet Omega har 637 medarbeidarar, der rundt 570 er fast tilsette, medan resten leiger seg ut gjennom sine eigne selskap.

Men Omega har mange dotterselskap og avdelingskontor både i Noreg og internasjonalt, og berre 83 arbeider på hovudkontoret i Ølensvåg for tida. Omega auka staben med 22 i 2009, og så langt i 2010 har dei fått 10 fleire medarbeidarar.

Stødig vekst

Omega har ei eventyrleg veksthistorie bak seg, og det dagleg leiar Petter Aalvik kan karakterisere som nedgang i vekst, er likevel ein vekst mange andre selskap kan misunne. Konsernet hadde ein auke i omsetninga på 20 prosent i fjor, om lag det dei hadde budsjettert med.

Det er dermed lite preg av finanskrise dersom ein ser på tala isolert, men selskapet skuler mot at veksten har bremsa litt opp. Forklaringa på at veksten likevel er god, er først og fremst at det har blitt investert meir i olje og gass i Noreg enn det finanskrise og lågare oljepris har resultert i internasjonalt.

Men Petter Aalvik meiner dei har møtt ein ny situasjon i 2009.

— Vi gjekk inn i 2009 med finanskrise, og merka eit klart press på ratane og prisane. Nedgangen i investeringar var meir merkbar i USA, Canada og Singapore enn her i landet. Ein del av veksten vår har samanheng med vekst året før, som vi drog med oss inn i 2009 med full effekt, forklarer Aalvik.

Tente pengar

Fakta/Omega

  • Konsernet Omega hadde ei omsetning på nesten 796 millionar kroner i 2009, mot vel 662 millionar året før.
  • Driftsresultatet for Omega var over 47 millionar kroner i fjor, mot nesten 29 millionar i 2008. Resultatet før skatt var nesten 43 millionar i 2009, og 27,5 millionar året før.
  • Omega AS har dotterselskap i Litauen (Klaipeda), Singapore, Danmark (København), USA (Houston), Canada (Calgary). Pluss selskapa Omega IAT, Kvassatunet AS og Kvassen Bygg AS i Ølensvåg.
  • I tillegg til hovudkontoret i Ølensvåg, har Omega AS filialar i Porsgrunn, Bergen, Stavanger, Oslo og Hammerfest.
  • Omega driv i hovudsak med prosjektstyringssystem og prosjekttenester for olje- og gassindustrien.

Men sjølv om oljeindustrien la press på leverandørane med at prosjekt ville bli utsette, eller endra dersom kostnadene ikkje gjekk ned, tente Omega betydeleg meir pengar i fjor enn i 2008. Selskapet hadde nesten 43 millionar kroner i overskot før skatt, ein vekst på 56 prosent frå året før. Det er altså lang større auke enn det veksten i omsetninga skulle tilseie. Omega tar dermed med seg eit overskot etter skatt på 30,5 millionar kroner.

— Vi kan konkludere med at det var eit godt år trass finanskrise og mykje som var usikkert i utgangspunktet. Men selskapet må vere så robust som det er, seier Omega-sjefen.

Han forklarer at Omega tente meir pengar på grunn av vekst og betre kapasitetsutnytting i satsingar som var i startfasen i 2008. Dessutan bidrog intern effektivisering til at veksten i 2009 ikkje medførte auka administrasjonskostnader.

— 2009 var meir ei konsolidering av aktiviteten, og det viser igjen på resultatet.

Lysare internasjonalt

Aalvik ventar mindre vekst i 2010 fordi selskapet ikkje drar med seg tilsvarande vekst inn i det nye året som i 2009. Men samstundes meiner han marknaden kan losne både på norsk sokkel og internasjonalt.

— Vi får rapportar frå Houston som tyder på at det skjer meir no, det same gjeld Asia. Oljeprisen har gått opp igjen og er rundt 80 dollar fatet, og vi har ikkje fått det krisesenarioet som var venta. Difor kan kanskje veksten bli like stor som i fjor for Omega, seier han.

Han viser til at det skjer mykje innan gass og olje, og at dei blant anna håpar å få rammeavtale i Goliat-utbygginga. Omega har det siste året også fått ein liten fot i Australia med tre tilsette, men det er ikkje oppretta eit eige selskap for denne aktiviteten. Eitt av måla framover er å byggje opp eit større miljø i avdelingane i Oslo og Bergen.