Har bikka 900 tilsette

Publisert: 09.01.12 i lokalavisa Grannar (Etne og Vindafjord)

Elin B. Øvrebø

Til jul fekk Omega sikra seg sin tilsette nummer 900. Ei bedrift som ikkje har sett av ei einaste krone til marknadsføring.

grannar-g6.jpg

Faksimile Grannar 09.01.12

Det er det nemleg ikkje behov for, meiner dagleg leiar Petter Aalvik. Godt omdømme, fornøgde kundar og tilsette er derimot heilt avgjerande.

— Det viktigaste for oss er gode referansar og anbefalingar. Dette gjeld både når me leverer tenester til kundane våre og når me rekrutterar nye medarbeidarar, seier han.

Rekrutterer på anbefaling

Berre nokre få gonger har Omega annonsert for dei ledige stillingane sine. Då er det gjerne snakk om stillingar lokalt, og responsen har vore relativt dårleg. Dei set heller si lit til rekruttering gjennom sine eigne nettsider, gjennom referansar og anbefalingar, og den attraktive frynsegodeordninga si ADVANTAGE.

— Først og fremst har me ein stab av dyktige medarbeidarar som gjer det attraktivt å jobbe for oss. Når dei tilsette trivst og fortel dette vidare til andre, skapar det interesse for å søke jobb hos oss. Me rekrutterer også mykje folk på anbefaling frå våre eigne tilsette. Våre tilsette er viktige ambassadørar for oss. Elles er det nok mange som oppfattar oss som ein attraktiv arbeidsplass fordi me har interessante jobbar å tilby og karrieremoglegheiter i ei bedrift som er i rivande utvikling, seier Aalvik. Terje Aarekol er avdelingsleiar for konsulenttenester i Ølensvåg.

— Hovudtyngda av dei tilsette i Ølensvåg er frå distriktet. Det er ikkje til å stikke under ein stol at me kjenner mange av dei frå før av og føljer litt med på dei. Fleire folk har flytta også heim att for å jobbe for oss. Men me har også medarbeidarar frå mange andre land, fortel han.

— Men fleire av dei nye tilsette kjem frå Vindafjord kommune?
— Me får tilsette frå mange ulike miljø og det er ikkje unaturleg at nokon også kjem frå kommunen når dei er ein så stor arbeidsgjevar lokalt, meiner Aarekol.

Nærmar seg 1.000

Veksten i Omega viser godt igjen i Ølensvåg også. No har dei nådd 900 tilsette og det byrjar for alvor å bli trongt om plassen, sjølv om det ikkje er lenge sidan dei utvida lokalet sist.

— No brukar me kvar krinkel og krok til kontorplass for å få plass til folka me treng. Me blir nøydde til å bygge ut, men det kjem ikkje til å skje før etter 2012, seier Aalvik. På same tid som dei opplever plassmangel, har dei over 200 ledige stillingar, Noreg rundt og litt omkring i verda, som dei ønskjer å fylle opp. Med andre ord ville målet om tusen tilsette allereie ha vore nådd dersom arbeidskrafta var til stades.

— Akkurat det talet er ikkje noko viktig fokus for oss, sjølv om me kjem til å nå det snart. For oss handlar det om å få nok flinke folk til å løyse oppgåvene våre i dag og framover på ein god måte, meiner den daglege leiaren, som ser positivt på framtida.

— Me har hatt god vekst i haust, det er optimisme på alle kontora våre. Prognosane elles ser også veldig lovande ut. Kundane våre trur på ein stabil oljemarknad, sjølv om krisa i Europa kan vere ein potensiell trugsel.

— Midt i blinken

Grannar får helse på blant dei ferskaste medarbeidarane i Omega-stallen. Lene Aarekol (36) frå Vikedal hadde sin første arbeidsdag i administrasjonen på måndag, Morten Høyland (25) frå Vikedal starta som konsulent onsdag og om ei lita veke blir økonomistudenten Gerhard Steinnes (23) kollega med Aarekol på deltid i administrasjonen. Høyland gjorde ferdig mastegraden i informatikk i sommar og har no sikra seg sin første utdanningsrelaterte jobb.

— Eg er veldig glad for å få konsulentjobb i Omega. Eg kjenner mange som jobbar her og dei skryt veldig, seier Høyland som også synest det er positivt med moglegheitene å jobbe for Omega i utlandet.

— Eg kjenner godt til Omega og har lenge tenkt meg at her vil eg jobba. Sjølv om eg er veldig heimekjær, hadde det nok ikkje vore aktuelt for meg å bu i Sandeid dersom eg ikkje hadde fått jobb her i distriktet, seier Steinnes medan Høyland nikkar og er einig. — Det betyr mykje at me får jobba i nærleiken av der me bur og slepp å pendle, meiner Aarekol.