Ei hjelpande hand frå lokal bedrift

Gåver og medkjensle står i sentrum i jula. Omega AS opprettheld denne juletradisjonen i aller høgaste grad.

GRANNAR (18.12.14) Sverre Johannes Rullestad og Sander Pedersen

- I Omega gir me ikkje julegåver til dei tilsette. Sidan 2003 har me heller valt å gi pengane til samfunnsbygging, og til dei som verkeleg treng det. I 11 år har altså vårt «julegratiale» gått til samfunnsprosjekt både i Noreg og utanlands, seier Kari Aakra, informasjonsmedarbeidar i Omega.

Her er Sølvi Grindheim Stople med ein av ungane frå barneheimen i Ukraina. Foto: Kjetil Espeland, Omega

Bedrifta i Ølensvåg får telefonar og epostar som viser at medarbeidarane er stolte av å vera ein del av noko større, ved å la julegåva deira gå til organisasjonar som får pengane til å telja for folk i naud.

Ein million

- Dette året går gåva vår til CARE, ein verdsomspennande hjelpeorganisasjon som arbeider for kvinner og jenter sine rettar. Både i 2014 og 2015 skal me gi ei årleg julegåve på 500 000 kroner til Care, altså 1 million kroner til saman, seier leiar for Omega sitt Servicesenter, Aslaug Østrem Nesheim. Fram til 2013 gav me 300 000 kroner i julegåve til eit nytt utvalt prosjekt kvart år. I fjor auka me julegåva til 500 000 kroner, og CARE vil få denne julegåva både i år og neste år, seier ho.

Barneheim

- Når me vel samfunnsprosjekta våre, ser me alltid etter organisasjonar som kan visa til at midlane dei får blir brukte der det trengst. Vårt mål er å alltid nå ut til dei som faktisk er i naud, det er noko me veit er svært viktig for alle i Omega. Organisasjonar som Redd Barna og Leger Utan Grenser, gir oss regelmessige oppdateringar frå felten, som me publiserer på internnettsida, slik at medarbeidarane våre på kontor og oppdrag verda over kan halda seg oppdaterte på kva pengane frå Omega går til, seier Kari Aakra

Bygginga av barneheimen i Ukraina var eit prosjekt dei tilsette i Omega kunne følgja på nett over fleire år.

- Nokre av medarbeidarane våre besøkte barneheimen i 2008, og ei større gruppe besøkte barneheimen som del av ei teambuilding i 2012. På denne måten kunne dei tilsette sjølv møta borna og høyra korleis bidraga våre har hjelpt dei til eit betre liv, seier ho.

- Det er flott at julegratialet går til ei så god og viktig sak. Det var og godt å sjå at pengane me gir kjem å godt til nytte. Det er ikkje alle, korkje her i landet eller i utlandet, som har det like godt. Det er bra dei får noko ekstra til jul, seier Sølvi Grindheim Stople, som var med på turen til barneheimen i Ukraina.


Publisert: 18.12.14